Stord sogelag

Meny

Årsmøtet 2008: Utvandringa frå Huglo til Amerika

Utvandringa frå Huglo til Amerika 2008
Arne Sortland fortalde om arbeidet med boka om utvandringa frå Huglo til Amerika: Det forlokkande landet. Det var ei svært interessant og gjevande utgreiing om arbeidet med å spora opp folk gjennom ulike kjelder, ikkje minst ved søk i databasar, mellom anna Ellis Island-databasen og www.Ansctry.com.

REFERAT

Årsmøte i Stord sogelag 22.02. 2008

Folkebiblioteket, Stord kulturhus. 22 frammøtte

Val av møteleiar: Jakob Gullberg

Val av referent: Bjørn Bjørlykke

 

Sak 1: Årsmelding

Årsmeldinga vart lagt fram av Bjørn Bjørlykke. Det var ingen merknader, og årsmeldinga vart godkjent samrøystes. Birger Sætrevik lét vel over arbeidet det arbeidet Sogelaget gjer.

Sak 2: Rekneskap

Revidert rekneskap vart lagt fram av Arne Sortland. Det var ingen merknader, og rekneskapen vart godkjent samrøystes.

Sak 3: Val

Lilly Skaar la på vegner av valnemnda fram følgjande framlegg  til nye medlemer i styret, og til revisor.  (Ingen har teke på seg å vera leiar.) Vala var samrøystes:

 

Leiar:                        Ingen kandidat                                    ( 1 år)

Styremedlem:            Peggy Husevik Bærøy            Attvald for 2 år

Nils Tore Gram Økland            Attvald for 2 år

Sidan det ikkje er leiarkandidat, føreslår valnemnda ein ekstra styremedlem:

Jakob Gullberg                        Vald for to år

Varamedlem:            Paula Skram Larsen                        Vald for 1 år

Jens Litlabø                                    Vald for 1 år

I styret for 2008 sit elles:

Arne Sortland                                    Eitt år att

Bjørn Bjørlykke                        Eitt år att

Revisor:            Odd Stuve Rommetveit            Vald for 1 år

Valnemnd:            Lars Mæland                                    Vald for 3 år

Bjørnar Withbro                         1 år att i valnemnda

Jon Kyvik                                    2 år att i valnemnda

 

 Bjørnar Withbro: Sidan ingen vil ta på seg å vera leiar, bør det  i det minste peikast ut ein kontaktperson for styret.

 

Sak 4: Framlegg til årsmøtet

Det var ingen nye framlegg frå styret eller innmeldt til styret. Årspengar for medlemer vert som tidlegare:

Medlem            175

Familie            225

Institusjon            275

 

Framlegg på styremøtet:

Werner Hagerup ville gjerne vita korleis stoda er for arbeidet med den nye gards- og ættesoga. Nils Tore Gram Økland sa at prosjektet ikkje er kome med i langtidsbudsjettet 2008 – 2012, men at det likevel er løyvt pengar til eit forprosjekt i 2008. Egil Nysæter er hyrt til å utarbeida eit døme på korleis arbeidet vil ta seg ut – med utgangspunkt i garden Petateigen.

Birger Sætrevik minte om 100-årsjubileet for Furuly helseheim og føreslo ein Ole Olvik-kveld. Lars Mæland sa at det alt var oppretta ei nemnd som skal ta seg av dette jubileet. Ei høveleg oppgåve for Stord sogelag kan  t.d. vera å få til ein rusletur frå badeplassen ved Kyrkjeberget og opp til og omkring Furuly. Kåre Angeltveit orda frampå om at Stord apotek  burde koplast inn, for kanskje finst det  enno spesielle Olvik-medisinar  der.

Bjørnar Withbro kom med fraamlegg om at Stord sogelag bør samarbeide med  Barnebokfetsivalen ved å engasjera medlemmer til å fortelja om barrndom før og no som innslag på  arrangement.

Til slutt på årsmøtet vart Anstein Lohndal heidra for alt arbeid han har lagt ned i redigeringa av årsskriftet. Hans eigen kommentar var at han rett nok går frå brua, men han legg  slett ikkje ned pennen.

Etter årsmøtet vart det servert kaffi og snittar. Arne Sortland  fortalde om arbeidet med  boka om utvandringa  frå Huglo til Amerika: Det forlokkande landet. Det var ei svært interessant og gjevande utgreiing om arbeidet med å spora opp folk  gjennom ulike kjelder, ikkje minst ved søk i databasar, mellom anna Ellis Island-databasen og WWW Anscetry.com.  Etter føredraget kasta Lars Mæland fram tanken om å arrangera kurskveldar  der ein arbeidde med slike databasesøk.

bb