Stord sogelag

Meny

Rusletur i Eldøy 21. juni 2021

Rusletur i Eldøy

måndag 21. juni  2021 kl 17.30 – 19.30

 

Nokre foto frå ein flott og vellykka rusletur  i Eldøy.

Odd Stuve Rommetveit er turleiar

Del av turfølgjet på om lag 60 deltakarar

Mange lokale ressurspersonar var med ….

Mange lokale ressurspersonar fortalde…..

 

 

Førehandsomtale

Alle velkomne!

Sogelaget sine populære rusleturar held fram.  Denne gongen står Eldøy for tur. Garden Eldøy femner vidt, mykje vidare enn folk flest trur.   Frå haugen bak Eldøy mekaniske, om lag der verftsporten er,  går grensa opp til krysset Verftsvegen/Eldøyvegen.  Derfrå til Friarkvilet og ned mot Hildal, bakom tidlegare Eldøy Matsenter. Heile Haugen, også kalla Skaffarhaugen, høyrer inn under Eldøy. Så til sjøen ved nausta innerst i vika mellom Kåreviknaustet og Eldøy Båtlag sine naust.  I tillegg kjem alle Eldøyane, som no fullt og heilt er industriområde.

Ikkje uventa har Eldøy vore ein svært sentral stad i mange hundreår.  Sjøen var ferdselsåra, og med lang strandline og god hamn, var det naturleg med aktivitetar som høyrde sjøen til.  Lasting og lossing,  landliggje og strandaktivitetar, naustfunksjonar og verkstadverksemd  er alt døme på kva som har føregått der.  Det mest spesielle er nok tollstasjonen.  Den var i drift opp mot eit par hundre år.

Under samlinga ved stranda i Eldøysjøen  måndag 21. juni 2021 vil mykje av historia bli fortalt. Det vert mange ulike innslag, fortalt av kunnige og historieinteresserte eldøyarar.  Det kjem innslag om fornminne og røyser i området. Ikkje uventa vert det fortalt om tollstasjonen og kva rolle den spelte. Det er framleis ruinar å sjå.  Kanskje me får synt fram restane like bortom stranda? Kan vinhôla framleis by på smaksprøvar?  Eller vil ein tollar stoppa oss?

Etterkvart som landevegs ferdsel vaks fram, vart det naturleg også å ha tilkome den vegen.  Alt i 1920 vart arbeidet med vegen frå Langeland til Eldøysjøen starta opp.  Om det går seint med vegbygging no til dags, var ikkje tempoet noko å skryta av den gongen heller.  Først i 1936, etter om lag 900 meter, var vegen ført fram til sjøs, og kaien ferdig bygt. Der skulle blant anna bilar fraktast til og frå Valevåg.   Kaien har hatt ulike funksjonar opp gjennom åra. Me får høyra om fleire, svært kuriøse hendingar opp gjennom åra, heilt fram til i dag.

For snart hundre år sidan starta Eldøy mekaniske opp. Ein viktig stad for båtreparasjonar og maritim service. Nær like gamal er Leonarden sin fiskematfabrikk, heilt i stranda. Me får høyra historien om begge desse, fortalt av noverande driftarar.   

For over 60 år sidan starta Todlarneset Friluftslag opp. Dei vil fortelja om sin bakgrunn og si drift fram til i dag. Ei spanande reise, spesielt når ein får høyra kva som var alternativet.  Eldøy Båtlag har også etter kvart ei lang historie ved Todlarneset. Den soga vil også bli fortalt av ein med inngåande kunnskap om laget. Kanskje ei lensmannssoge kjem også?  Lensmannen var nemleg ein del år heimehøyrande i Eldøy.

Det vert elles fleire mindre, om enn viktige og spanande innslag. T. d. om slekt og gardar, drift og hendingar,  og  kjendisar og fintfolk.  Sjølvsagt er det flott om dei frammøtte kan supplera innslaga med sin personlege kunnskapar  og samstundes bli interessert i å vera medlem i sogelaget.

Vel møtt.

Stord Sogelag  v/ Odd Stuve Rommetveit (styremedlem)

 ====